Stiftinga Ekstreme Voss

  • Sosiale lenker:

Oversikt

  • Bedrift grunnlagt: 7. februar 2023
  • Bransjer Hotell og reiseliv , Markedsføring, kommunikasjon og media , Organisasjoner
  • Publiserte stillingsannonser 0
  • Organisasjonsnummer 984522843

Om bedriften

Få arrangement trekkjer så mange folk åt Voss som Ekstremsportveko. Folk strøymer til bakkane og bøane rundt bygda, til butikkane, til utestadene, til hyttene – dei kjem med buss, bil og tog frå utland og innland til ei av dei finaste bygdene på Vestlandet og til den sprekaste festivalen i heile Noreg!

Ekstremsportveko er den største ekstremsport festivalen i verda, og blir arrangert kvart år på Voss. Då blir det arrangert konkurransar innan ulike sportsgreiner som elvekajakk, utfor sykling, paragliding, klatring, longboarding og B.A.S.E. I tillegg krydrar nasjonale og internasjonale artistar festivalen med musikk innanfor sjangrane; pop, rock, funk og reggae!

Festivalen og organisasjonen bak
Festivalen vart etablert av fire ekstremsportsklubbar på Voss i 1998 og dagens stifting vart oppretta i 2002. Dei fire stifting klubbene er: Voss Kajakklubb, Voss Rafting Klubb (nå Voss Active), Voss Fallskjermklubb og Voss hang- og paragliderklubb.

Allereie første året var det bestemt at overskotet skulle gå med på å vidareutvikle festivalen, i tillegg til å jobbe mot velgjerande mål i stiftinga.

Frivilligheit
Heilt frå starten i 1998 har Ekstremsportveko vere avhengig av frivilligheit for å bringe festivalen til live. Kvart år er det ikring 700 frivillige som jobbar bak kulissene for å få festivalen til å bli ein suksess.

Ekstremsportveko er fortsett til stede her på Voss takka vere alt dette inderlege bidraget frå mange tusen menneske i meir enn to tiår frå Voss, Norge og over hele verden. Utan alle dei frivillige ville aldri Ekstremsportveko kunne eksistert.

Miljøtårnserifisert
Dei er i tillegg miljøfyrtårn-sertifisert. Det betyr at verksemd tek berekraft på alvor og har oppfylt strenge krav åt: arbeidsmiljø, innkjøp, energi, transport, avfall, utslepp og estetikk.

Deira miljøstrategi er at åt ein kvar tid kartlegge moglegheiter for å gjere tiltak for å kunne drive på ein mest mogleg miljøvenleg måte. Dette til glede for gjester, tilsette, lokalsamfunnet og ikkje minst dei fantastiske omgjevnadene festivalen er lokalisert i. Ved å velje ei miljøfyrtårn-sertifisert verksemd, bidreg du til ei meir berekraftig framtid.

Ekstremsportveko er stolte av å vera ambassadør for eit levande kultur-, sport- og folkeliv på Vestlandet!